Brannen – 2022
9864
portfolio_page-template-default,single,single-portfolio_page,postid-9864,elision-core-1.0.11,ajax_fade,page_not_loaded,qode-theme-ver-4.5,wpb-js-composer js-comp-ver-6.6.0,vc_responsive
Title Image

Brannen – 2022

Om denne forestillingen

Jon er ein ung mann som har flytta på hybel i ei blokk ved eit vassdrag. Ein haustdag ringer telefonen.

Brått så han for seg noko; dei som ringer. Det er dei rådville og rådlause, dei er ute etter meg òg, tenkte han. Opent frå alle kantar. 

Oppringinga tar Jon ned trappene, ut av huset og vidare ut på ei eksistensiell vandring i eit urovekkjande og fasinerande landskap, der den indre og ytre røyndommen glir over i kvarandre.

Brannen frå 1961 er kjend som ein av dei mest mystiske romanane til Tarjei Vesaas. Her møtest folkediktinga og modernismen, skrekkfilmen og danningsreisa, døden og kjærleiken. Dei djupøkologiske skildringane av natur og menneske minner oss om alt som står på spel i dag. Universet er surrealistisk, skremmande og symbolsk.

Dette var første gang De Utvalgte produserte ei framsyning for Nationaltheatret, kor dei utfordra heile teatermaskineriet på Hovudscenen og laga eit atmosfærisk totalteater der bilete, ord og lyd blei sidestilt. Det heile blei akkompagnert av nyskriven elektroakustisk musikk. Rolla som Jon blei tolka av Helene Naustdal Bergsholm.

«Det skal ikkje skrivast så det blir skjøna med kaldt hjarte. Det bør vera ein god del som lesaren einast kjenner inni seg. Lesaren må få høve til å opne sine eigne hemmelege rom …»  skreiv Vesaas om Brannen.

Pressa skriv: 

De Utvalgte gjør Vesaas mest mystiske roman til et unikt scenekunstverk (…) en visuelt spektakulær tolkning til å miste pusten av. Kjersti Juul, Vårt Land (les anmeldelsen her)

Ei større visuell kunstoppleving på teater skal du leita lenge etter. Karen Frøsland Nystøyl, NRK  (les anmeldelsen her)

En vakker, suggererende og dypt urovekkende beretning om menneskelig utsatthet. Hedda Fredly, Dagbladet  (les anmeldelsen her) 

Teknologisk triumfferd. Når teknologien bidrar til å forsterke skuespillernes sceniske nærvær, er teateropplevelsen rett og slett overveldende. (…) perfeksjon i alle ledd. Ragnhild Tronstad, Scenekunst.no. (les anmeldelsen her) 

Flere anmeldelser: 

Det er ingen sundagsskog eg ber deg med i, Norsk Shakespearetidsskrift

Inntrykkenes teater, Klassekampen

Medvirkande/kunstarleg lag

Helene Bergsholm, Per Frisch, Petronella Barker, Veronica Molin Bruce, Mariann Hole, Håkon Ramstad, Anders Mordal, Torbjørn Davidsen, Aleksander Ottesen-Kaalstad, Johan Eritsland Anker, Olav Nyborg Andresen, Kari Holtan, Boya Bøckman, Kittil Kittelsen, Anne Holtan, Fredrik Floen, Hans Kristen Hyrve, Martin Flack, Olav Torbjørn Skare

Produksjonslag

Ola A. Neegaard, Lars O. Brinch Gundersen, Mari Noodt, Kjell Gunnar Høen, Marte Elise Stormo, Benjamin Tveit, Torbjørn Ljunggren, Maren Sælensminde, Elinor Ström, Gracia Cerrato Thorsberg, Helge Lohne, Monica Lindanger, Jan Lier, Hilde Vibeke Innerby, Hanna Helstad, Andreas Eskeland, Matteo Pronestino.

Takk til

Talleiv Taro Manum, Olav Vesaas, Per Inge Bjørlo, Markus Lie Stenstrup, Isak Holtan Wisløff, Ingvild Hogstad, Anne Gerd Grimsby Haarr, Marcus Horn i Cognite, Mechatronics Innovation Lab (MIL) og NOTAM.

Støttet av

Norsk Kulturråd

Category