Brannen på Nationaltheatret
9836
post-template-default,single,single-post,postid-9836,single-format-standard,elision-core-1.0.10,ajax_fade,page_not_loaded,qode-theme-ver-4.4,wpb-js-composer js-comp-ver-6.3.0,vc_responsive
Title Image

Blog

Brannen på Nationaltheatret

  |   Uncategorized

Premiere 15. januar! De Utvalgte setter opp forestillinga Brannen basert på romanen med samme navn av Tarjei Vesaas på hovedscenen på Nationaltheatret.

Fra programteksten til Nationaltheatret:

Jon er ein ung mann som har flytta på hybel i ei blokk ved eit vassdrag. Ein haustdag ringer telefonen.   

Brått så han for seg noko; dei som ringer. Det er dei rådville og rådlause, dei er ute etter meg òg, tenkte han. Opent frå alle kantar. 

Oppringinga tar Jon ned trappene, ut av huset og vidare ut på ei eksistensiell vandring i eit urovekkjande og fasinerande landskap, der den indre og ytre røyndommen glir over i kvarandre. 

Brannen frå 1961 er kjend som ein av dei mest mystiske romanane til Tarjei Vesaas. Her møtest folkediktinga og modernismen, skrekkfilmen og danningsreisa, døden og kjærleiken. Dei djupøkologiske skildringane av natur og menneske minner oss om alt som står på spel i dag. Universet er surrealistisk, skremmande og symbolsk.  

Den høgt akta frigruppa De Utvalgte er kjende for særeigne scenekunstproduksjonar med banebrytande visuelle verkemiddel. Når dei no produserer si første framsyning for Nationaltheatret, utfordrar dei heile teatermaskineriet på Hovudscenen og lager eit atmosfærisk totalteater der bilete, ord og lyd blir sidestilt. Det heile blir akkompagnert av nyskriven elektroakustisk musikk. Rolla som Jon blir tolka av Helene Naustdal Bergsholm. «Det skal ikkje skrivast så det blir skjøna med kaldt hjarte. Det bør vera ein god del som lesaren einast kjenner inni seg. Lesaren må få høve til å opne sine eigne hemmelege rom …»  skreiv Vesaas om Brannen. Denne utsegna har vore ein inspirasjon for De Utvalgte i den sceniske tolkinga av romanen.

Kjøp billetter på Nationaltheatret.no