Anmeldelse i Morgenbladet 6.2.2009

Av Elin Høyland

 

Konkret mystikk

 

Skuggar

 

Sjeler i taket

På Black Box Teater syner no teaterkompaniet De Utvalgte si iscenesetjing av Skuggar(2006), og opnar ei anna klangverd i møte med Fosses ord: ein song om relasjonar utan kropp, eit dikt om alderdom, tid, stad og evig gjenkomst?

Scenerommet er stort og nake, og ned frå taket heng det som ser ut som fem kvite, eggforma kokongar, lampar eller blanke masker. I bakgrunnen raslar to lauvtre sine greiner over ein mjuk, blå himmel, i form av eit videoprojisert bilde, og på ein benk ved dette lerretet sit ein gammal mann- i form av eit levande menneske .Eit barneandlet dukkar opp på ei av dei kvite lampene -igjen i form av ein videoprojeksjon, og det er i denne øvre sfæren teksten skal utspele seg.

 

Gjennom barneandleta og barnerøystene råkar dei ei pur eksistensiell nerve.

Jenta talar til oss med eit statisk blikk og stø røyst. Ho talar som ein vaksen, men med styrken og sårskapen til ei klar barnerøyst. Etter kvart utspelar alle dei seks karakterane, eller stemmene, i Skuggar seg gjennom seks forskjellige barneandlet som kjem til syne og forsvinn og kjem til syne att, i dei svevande kokongane, som får eit overjordisk , sjeleleg preg. Me er no i dette karakteristisk namnlause Fosse-universet, kor kvinna, far, mor, mannen, jenta og kameraten, gjennom barneandleta og barnerøystene, råkar ei pur eksistensiell nerve. Teksten har i seg sjølv eit fokus på det samtidig evige og forgjengelege i det mellommenneskelege relasjonsdramaet, noko som blir forsterka gjennom det reine og på sitt vis statiske og innestengde spelet mellom stemmene, eller sjelene som heng der i taket i kvar sine bobler.

 

Skjebnespel. Det er eit fascinerande og på mange måtar vakkert formgrep De Utvalgte har gitt til Skuggar. Det opnar komplekset mellom det kroppslege og det andelege livet på ein nesten overdirekte måte, men kor det gåtefulle i teksten framleis blir det berande elementet. For som Fosses tekstar innbyr til, er det ikkje eit openbart skilje mellom det som kjem før og etter språket, og her, heller ikkje mellom før og etter livet. Dei i alt fire eldre aktørane som dukkar opp i ulike tablå i scenerommet nedanfor, blir til ordlause skuggar av det som utspelar seg over dei – det uhandgripelege spelet av indre liv og minner, eit univers av evige arketypar som pregar våre liv, igjen og igjen?

Det fine her er at det i dette kroppslause spelet får det uhandgripelege i liva våre forrang som det mest verkelege. Vi ser dei sterke klare barneandleta – som våre kroppars liv og aldring berre lever som skuggar i våre sjelelivs uendelege, men intrikate skjebnespel. Kvifor vi er der vi er kjem her til syne som eit spel kor det jordiske relasjonsdramaet får ein overklang av sjelevandringsdrama, kor gåtene er vel så store som nede i skuggane.

De utvalgte har markert seg med framsyningar som Bang- Bang Club og Jimmy Young, kor det eksperimentelle pregar både tematikk- og formgrep. Med eit tematisk fokus på samtidskulturen sitt performative kompleks av medieuttrykk og identitetsutvikling, går dei med Skuggar bort i frå det dokumentariske anslaget i dei nemnde framsyningane. Kanskje eit steg å forfølje vidare, for med Skuggar tek dei med seg det hyperreelle over i eit landskap kor dette blir knytt opp til noko meir enn kaotisk og destruktiv medie-gimmick. Ikkje minst opnar det eit interessant rom mellom Fosses dramatikk og den tverrkunstnarisk orienterte teaterforma som De Utvalgte arbeider med – på tide?