Anmeldelse i Adresseavisen 9.10.2009
Av Martin Nordvik
Frisk Fosse-kraft
Originalt grep kastar lys over skuggespelet og treffer tonen perfekt i Jon Fosses Drama
Når ein les ”Suggar”, kan det verka som om dei seks personane i stykket er med i eit statisk handlingsfattig spel. Så viser De utvalgte med si fantasirike tolking at dramatikken ligg i vekslinga mellom ulike plan, her er drøymar, fantasi, og eit trugande nærvær. Innleiinga høgg seg fast i ei redsle for noko udefinert; nokre av dei seks personane fryktar eitt eller anna. Fleire har ei kjensle av at dei har vorre her før, eller er det berre innbilling?
Den dirrande usikre stemninga har allereide smitta over på tilskodarane, som her blir vitne til eit spel over dei tause menneske i skuggeland på scenen. På seks svevande hovudforma ”skjermar” er det projiserte barneandlet som står for dialogen. (Boya Bøckmans bruk av film/videoinstallasjon gjer reine underverker, og instruksjonen av dei unge aktørane er framifrå). Også stemmen er barna sine, noko som gjev ein overrumplande effekt. Fosse sine vaksne repeterande, dystre og kvardagslege replikkar får ein annan resonansbotn, slik at den absurde kontrasten mellom det vi høyrer og det visuelle inntrykket skjerpar innhaldet. Samstundes blir den underfundige komikken forløyst i det stillferdige og kraftfulle dramaet.
Ja, for stykket er slett ikkje berre dystert, sjølv om det tematiske krinsar rundt einsemd, forspilte liv, angst. Og død, sjølvsagt. Fosse er også i ”Skuggar” (2007), som m.a. i ”Dødsvariasjonar”, oppteken av at livet er forgjengeleg.
”Skuggar” skaper eit fascinerande univers rundt denne klassiske, namnlause sekstetten, Mannen, Kvinna, Far, Mor, Jenta og Kameraten. Dei er tyngde til Jorda av sine lagnadar, men De Utvalgte har gjort eit fruktbart grep som samstundes spelar på det vektlause. For sjølv om personane i stykket er nagla fast i sine rituelle tankar og replikkar, svever fantasien fritt som ein påminning om at livet er flyktig, vanskeleg å styra – men ikkje utan håp. Sjølv om personane er på villspor, ikkje veit kvar dei er – eller kvar dei skal, vil i alle fall eg tolke finalen som svert håpefull.
Nokon eintydig konklusjon finn ein kan henda ikkje; sjølve forvirringa er ein positiv del av dette spelet, som Fosse har dikta ut frå eit motto av Paul Celan – opphavsmann m.a. til ”Todesfuge” Det er elles mykje slektskap til Becketts venting på Godot i stykket, men den aktuelle tolkinga frigjer også frå slike assosiasjonar. Kor dristig – og vellukka - versjonen til Kari Holtan er, ser ein aller best om ein les dramaet. Som vanleg er Fosse mest som ein komponist ute etter detaljar i spelet, i hans finstilte ”partitur” krevst det pause, nokså kort pause - eller lang pause, alt ettersom. De Utvalgte stiller seg nokså fritt til dette, men viser utsøkt presisjon. Og – dei forsterkar vår hyllest ved å leva seg inn i forfattaren sine vyer i utforminga av scenen som eit minne-landskap konkretisert i eit vemodig vakkert haustbilete.