Schizofrene scener
Kompaniet De Utvalgte inviterer til retorisk boksekamp og identitetskaos i si nye framsyning på Black Box.
- La oss slutte å spille roller, insisterer skodespelar Torbjørn Davidsen, alias Jimmy Young, eit stykke ut i De Utvalgtes nye dokudrama på Black Box Teater. Der blir vi invitert inn i eit svimlande univers, kor Jimmy Young representerer både sjølvoppløysinga i rollespelet og ei insistering på det motsatte - at det er gjennom maskene ein kan finne livet i sin eigentlege røyndom.
Bakgrunnen for prosjektet ligg i Torbjørn Davidsen si tiårige reise rundt i verda, med det sjølvskapte alias et «Jimmy Young» i førarsetet, og fotografen Joachim Hamou i tett følgje. Av dei tusen timane av film som dokumenterer Jimmys liv, møter vi han her berre glimtvis via eit lerret som dannar ein bakveg på teaterscena: Jimmy er på filmfestival i Cannes, Jimmy blir til transvestitt, Jimmy har sex med ei pornostjerne, Jimmy blir full, Jimmy er ein kåt jævel. Jimmy ser ut som ei filmstjerne, Jimmy blir populær, får merksemd, opplever at folk vil på film. I kraft av si eiga speilglatte overflate skraper Jimmy i overflatekjøret som preger film- og underhaldningskulturen. Samstundes går han fordomsfritt i møte med så vel sufisamfunn i Egypt og inuitar på Grønland som kunstnarar i New York.
Kameleon. Fordomsfritt og kulturutforskande, men og i egoistisk jakt på dette noe, utanfor eller kanskje heilt innerst i seg sjølv. Torbjørn Davidsens sjølvkonfrontasjon - han er djupast sett ansvarleg for Jimmy sine handlingar - kjem og etter kvart tydeleg til syne. Jimmy har ikkje berre funne Gud gjennom religiøs ekstase. Han har og valdteke og kanskje drepe eit anna menneske, riktig nok som forsøk på ei iscenesette offerhandling - men har han verkeleg det? Kven er ...? Kva no, Jimmy ... eh, Torbjørn? Kvar vil du med dette? Kva tjener Jimmys kameleonbaserte dydar og udådar til, eh ... Torbjørn?
For det er Torbjørn som fortolkar bileta av Jimmy for oss, og samstundes forsøker å svare, der han sitt i fjernsynsstudio-dialog med gjesteskodespelar Jørgen Langhelle. Ja, for det er vel Torbjørn, trass i Langhelles hang-up på navnet - Jimmy Yoooooung! som han stadig lirer av seg med sensasjonssmak i stemma?
Midtlivskrise? Scenerommet framstår som ei kryssing av talkshow og personleg rettssal, kor konfrontasjonen mellom Torbjørn og Jimmy blir blottstilt. Spelet mellom scene og lerret fungerer elegant som bilete på relasjonen mellom mann og alias. Samstundes er det mykje å henge med på, og etter kvart oppstår og eit møte mellom sjamanen Torbjørn og Langhelle som menneske og yrkesskodespelar. Her dannar dei to svevande punkt mellom spel og ikkje-spel.
Teaterscena blir og gradvis til åstad for eit tilsynelatande reelt sjølvutforskande og egoutslettande ritual, ein mørk understrøm i eit på overflata harmlaust rollespel. Der Jimmy blei til verkelegheits(s)port i Torbjørns liv, blir ]immy-effekten og til symbol på Langhelle som eit levande repertoar av rollekarakterar. Så kan ein og forstå (eller avsky) Jimmy som spegling av noko vi alle veit noko om: dei rollene vi bakser rundt i for å henge meir eller mindre saman som oss sjølv. Eller er det berre ein teatralisert midtlivskrise vi er vitne til her?
Det sirklar uansett rundt livskiten sjølv, slik den kan arte seg i ein overmediert kultur - velregissert inn i reine former, men samtidig i kaotisk spenn over tusen platå av virkelighetstrengsel. Ein egotripp av ei framsyning, men så har dei humor og, dei utvalde.
Elin Høyland